fredag 22. mai 2009

ICA

Matbutikken. I Bossekop. Fantastisk.
Eg brukar ikkje å handle der, på ica i Bossekop. Eg trur det har to årsaker; 1. eg handlar ikkje (det er det mamma som gjer). 2. eg bur ikkje i nærleiken av ein ica -butikk. Derimot bur eg svært nært ein prix –butikk. Men i dag var vi på ica, i Bossekop. Forandring frydar!
Dufta i inngangen; det lukta så søtt, så naturleg! Eg trakk han inn og bråsnudde mot fruktavdelinga idet eg innsåg at det var lukta av jordbær. Og, naturleg nok, sto det ein masse ferske, skjønne jordbær stabla i kassar der. Men det var ikkje vanlege jordbær. Det var jordbær som lukta sommar. Dei dufta så friskt, og glitra så vakkert i rødt der dei log. Men eg fikk ikkje jordbær. Vi gikk vidare inn i butikken.
Der dufta det igjen godt. Kylling, og sånne ting. Det fikk eg heller ikkje, og ikkje hadde eg eigentleg lyst på det uansett. Så kom fiskelukta, etterfylgt av den herlege lukta av nybakte brød og annen gjærbakst. Så kom frysaren. Det dufta ikkje lengre noko spesielt. Men du må ikkje tru at handleturen blei kjedeleg av den grunn. I dag skjedde nemleg noko eg aldrig har opplevd før. Mamma kjøpte euroshopper –kjøttdeig.

3 kommentarer:

  1. Vet du, Ica bossekopp e faktisk den beste matbutikken i hele Alta. Dem har ALT!

    SvarSlett
  2. ja, den er ganske så fantastisk!

    SvarSlett