lørdag 13. mars 2010

Ungdommens kritikerpris 2010

Jon Øystein Flink les fra vinnerboka si "Sex, død og ekteskap"
Eg og klassen min har vore med å kåra ungdommens kritikerpris 2010. Det inneber at vi har lese 8 bøker (ikkje ungdomsbøker) og kome fram til kva for ein vi likte best. Det same har 8 andre vidaregåande klassar gjort, og saman har me kåra ein vinnar. Prisutdelinga foregjekk i hovudstaden; Oslo, og prisvinnaren blei Jon Øystein Flink med boka si "Sex, død og ekteskap".
I tillegg til vinnerboka har vi lese "Avhymninger" av Steinar Opstad, "Toget fra Ajaccio" av Anne Oterholm, "Der lyset slipper inn" av G. Moro, "Min døde mann" av Arne Lygre, "Tsjernobylfortellinger" av Ingrid Storholmen, "Min kamp 1" av Knausgård og "Alle barn er laget av ild" av Nicolai Houm.
Emil & Morten framførte "Påskepinslar" for forfatteren Opstad sjølv!
Foruten Knausgård og Storholmen møtte alle forfatterane opp på utdelinga. Det har vore eit svært lærerikt prosjekt, og tross noken leie periodar midt oppi noken av bøkene har det vore berre morosamt, syns eg. Men i Oslo skjedde meir enn berre bøker! For eksempel var klassen på tre museum på ein dag (Munch, kunstindustrielt museum og nasjonalgalleriet). Me spiste også middag på resturant på skulen sin regning, og budde på perminalen. Og så var vi på omvising på riksteateret, og tok masse t-bane. Her er det altså ikkje måte på!
Eg og Oda vart kjende med ein ekte BarneTV-kjendis!
I tillegg var me innom nokre butikkar, traff Hanne Øygard, Miriam Helms Ålien og var med fiolinane hos Wenk Wolf (fiolinen min er nå frismeld og kjem heim snart!). Oda hadde den fine kofta si på seg på prisutdelinga, me traff barneTV -kjendis (b kjendis) og spiste mykje usunn mat. Eg spiste ikkje på burger king, SÅ langt gjekk eg ikkje.
Når me fyrst skal til hovudstaden tek me han heilt ut!
Oda i den nydelege kofta si. :)
Til slutt må eg ha med to billete av ein utruleg kul fyr fra ein av dei andre klassane. Me snubla over bloggen hans uka før prisutdelinga, og viste henrykte billete av han til norsklæraren vår, Bente. Ho hylte henrykt, og da me så han på utdelinga spurde Oda om han ikkje kunne gå bort til henne å hilse på ho. Kjetil som han heitt, tok han heilt ut og ga Bente ein klem. "Slemme elevar!" ropte ho til oss, og blei sprutrød. Fantastisk! Det aller beste er at vår kritikarfadder og bibliotek -Frøydis sto rett ved sia av ho.

Det har uten tvil vore ein utruleg fin tur, eg kjem ikkje til å gløyme han med det første. Når eg får billeta som Bente har tatt, medrekna over 10 klassebillete, kjem dei kanskje hit i bloggen. Alle billeta i denne bloggen er teke av Oda.

3 kommentarer:

  1. Så koselig :)

    Og hurra for nynorsk! Ein ting, dog: Seier man "me" på nynorsk?

    SvarSlett
  2. Egentlig ikke, lærte æ på ungdomsskolen. Meen, så sto det i ordboka mi, oppdaga æ her en dag. Så æ tenkte æ sku spørre norsklæreren min om det.

    SvarSlett
  3. det lika me! oslo <3

    SvarSlett